| Norske Kiss fans |
| Essensielle Kiss linker |
|
Offisielle Sider Kiss historie og fakta Kiss Diskusjon Kiss shopping |
Litt sommerinfo om nyheter og forum
29 Jul 2008 av Nils Brekke Svensson
Det er litt lite med nyhetsoppdateringer i disse ukene. Både pga de fleste "reporterne" våre har sommerferie, samt at jeg (webmaster) akkurat kommet hjem fra sykehuset med tvillinger. Derfor vil det nok bli litt stille de nærmeste ukene. Det gjelder også godkjenning av nye brukere til forumet og svar på mail. Men jeg skal gjøre så godt jeg kan. Sjekk også forumet for nyheter.
Asylum-klipp
22 Jul 2008 av Svein Børge Hjorthaug
Det har blitt litt roligare på nyheitsfronten i tida etter at Alive 35-turnèen blei fullført. Eit morsomt intervju-klipp frå Asylum-perioden dukka imidlertid nyleg opp. Dette er frå det engelske TV-programmet "the Whistle Test".
Gene Simmons i media
12 Jul 2008 av Svein Børge Hjorthaug
Ei lita samling med nokre av Gene sine mange opptredener i media den siste tida, der han har stått på for å promotere den nye boka si Ladies of the Night.Gene blei intervjua på Jim Kerr Rock'n'Roll Morning Show fredag den 11 juli. Her er eit klipp av Gene på CBS' Early Show. Her blir Gene intervjua i New York på WPIX (CW). Og til slutt eit klipp av Gene på MSNBC. CD med nyinnspelingar lanserast i Japan
05 Jul 2008 av Svein Børge Hjorthaug
KISS var som kjent i studio for ein del måneder sidan og spelte inn ei rekke av sine klassiske låter på nytt med den noverande besetninga (som inkluderer Tommy Thayer og Eric Singer i tillegg til Gene og Paul). Meininga var først at resultatet m.a. skulle distribuerast som gratis vedlegg i ei engelsk avis i tida rundt Download Festival, men av ukjente grunnar skjedde dette aldri.
Ei samling med desse nyinnspelingane kjem no ut i Japan den 27. august som KISS Best - Kissology. Innhaldet er: 01. Deuce 02. Detroit Rock City 03. I Was Made For Lovin' You 04. Love Gun 05. Rock 'n Roll All Nite 06. I Love It Loud 07. Black Diamond 08. Lick It Up 09. Christine Sixteen 10. Do You Love Me 11. Heaven's On Fire 12. Calling Dr. Love 13. Shout It Out Loud 14. Forever 15. Hotter Than Hell Det vil også kome ut ein spesialversjon av denne samlinga med ein bonus-DVD. Denne vil innehalde opptak av KISS i Budokan frå den 2. april 1977 (tatt frå DVD-utgivelsen "Kissology Vol. 1") og eit klistremerke. For å førehandsbestille den ønska versjonen av denne samlinga, kan ein besøke CDJapan.co.jp. Gene lanserer "Ladies of the Night"
04 Jul 2008 av Svein Børge Hjorthaug
Gene Simmons lanserer i desse dager den tredje boka si, kalt Ladies of the Night. Dette er rett og slett ei bok om verdas eldste yrke, og Gene har både lova ein rimeleg historisk gjennomgang i tillegg til hans eigne velkjente meiningar. KISS-andelen i denne boka kan etter alt å dømme antakast å være bortimot ikkje-eksisterande.Boka blir lansert med signeringar i Los Angeles den 8. juli og New York den 11. |
2006 2005 2004 2002 2000 1999 1998 1996 1994 1990
|


Ei lita samling med nokre av Gene sine mange opptredener i media den siste tida, der han har stått på for å promotere den nye boka si Ladies of the Night.
Gene Simmons lanserer i desse dager den tredje boka si, kalt Ladies of the Night. Dette er rett og slett ei bok om verdas eldste yrke, og Gene har både lova ein rimeleg historisk gjennomgang i tillegg til hans eigne velkjente meiningar. KISS-andelen i denne boka kan etter alt å dømme antakast å være bortimot ikkje-eksisterande.