Nyheter fra Kiss Army Norway

Kiss Army Norway anbefaler også alle å sjekke forumet for nyheter...
Asylum-klipp
22 Jul 2008 av Svein Børge Hjorthaug
Det har blitt litt roligare på nyheitsfronten i tida etter at Alive 35-turnèen blei fullført. Eit morsomt intervju-klipp frå Asylum-perioden dukka imidlertid nyleg opp. Dette er frå det engelske TV-programmet "the Whistle Test".

Gene Simmons i media
12 Jul 2008 av Svein Børge Hjorthaug
Gene på TVEi lita samling med nokre av Gene sine mange opptredener i media den siste tida, der han har stått på for å promotere den nye boka si Ladies of the Night.

Gene blei intervjua på Jim Kerr Rock'n'Roll Morning Show fredag den 11 juli.

Her er eit klipp av Gene på CBS' Early Show.

Her blir Gene intervjua i New York på WPIX (CW).

Og til slutt eit klipp av Gene på MSNBC.
CD med nyinnspelingar lanserast i Japan
05 Jul 2008 av Svein Børge Hjorthaug
KISS var som kjent i studio for ein del måneder sidan og spelte inn ei rekke av sine klassiske låter på nytt med den noverande besetninga (som inkluderer Tommy Thayer og Eric Singer i tillegg til Gene og Paul). Meininga var først at resultatet m.a. skulle distribuerast som gratis vedlegg i ei engelsk avis i tida rundt Download Festival, men av ukjente grunnar skjedde dette aldri.

Ei samling med desse nyinnspelingane kjem no ut i Japan den 27. august som KISS Best - Kissology. Innhaldet er:

01. Deuce
02. Detroit Rock City
03. I Was Made For Lovin' You
04. Love Gun
05. Rock 'n Roll All Nite
06. I Love It Loud
07. Black Diamond
08. Lick It Up
09. Christine Sixteen
10. Do You Love Me
11. Heaven's On Fire
12. Calling Dr. Love
13. Shout It Out Loud
14. Forever
15. Hotter Than Hell

Det vil også kome ut ein spesialversjon av denne samlinga med ein bonus-DVD. Denne vil innehalde opptak av KISS i Budokan frå den 2. april 1977 (tatt frå DVD-utgivelsen "Kissology Vol. 1") og eit klistremerke.

For å førehandsbestille den ønska versjonen av denne samlinga, kan ein besøke CDJapan.co.jp.
Gene lanserer "Ladies of the Night"
04 Jul 2008 av Svein Børge Hjorthaug
Gene Simmons: Ladies of the NightGene Simmons lanserer i desse dager den tredje boka si, kalt Ladies of the Night. Dette er rett og slett ei bok om verdas eldste yrke, og Gene har både lova ein rimeleg historisk gjennomgang i tillegg til hans eigne velkjente meiningar. KISS-andelen i denne boka kan etter alt å dømme antakast å være bortimot ikkje-eksisterande.

Boka blir lansert med signeringar i Los Angeles den 8. juli og New York den 11.
Andre del av Bruce Kulick/Maul Stanley-intervjuet
30 Jun 2008 av Svein Børge Hjorthaug
Bruce Kulic og Maul StanleyVi fortalde nyleg om Maul Stanley sitt intervju med Bruce Kulick som blei gjennomført på ei åpa scene på ein Kiss Expo i New York tidlegare i Juni.

Den andre delen av dette intervjuet er no online. Det er slått saman med den første delen på denne sida, slik at ein no kan lese det i si heilheit. Velbekomme!
Alive 35-smakebitar
27 Jun 2008 av Svein Børge Hjorthaug
Den europeiske sommarturnèen til KISS blir avslutta denne helga. Concert Live markerer dette ved å gi fansen ein sjanse til å gratis laste ned tre mp3-låter frå dei forskjellige konsertane som har blitt spelt inn. Dette er Detroit Rock City frå Vallhall, Oslo (31. mai), Nothin' To Lose frå København, Danmark (3. juni), og Let Me Go Rock'n'Roll frå Download Festival, England (13. juni).

Låtane kan du laste ned frå denne sida.
Ace Frehley opptrer med Pearl Jam
27 Jun 2008 av Svein Børge Hjorthaug
Pearl Jam spelte i Madison Square Garden i New York den 25. juni, og invitere m.a. Ace Frehley til å kome på scena for ein gjesteopptreden.

Ace dukka opp for å spele sologitar på "Black Diamond", som for det meste var sunge av trommis Matt Cameron. Det første verset var dog sunge av gitarist Mike McCready, som er kjent som ein svært stor fan av Ace.

Europaturnéen går mot slutten
24 Jun 2008 av Nils Brekke Svensson
Kiss sin mest suksessfulle europturné noen sinne går mot sin avslutning. Konsertene som er igjen er Milano , Luxembourg, Nürnberg og avslutningsvis Graspop Metal Metting i Belgia på lørdag.

Etter Kiss har vendt tilbake til USA er det klart for fire konserter i august. 04.08 Glencoe Camp Resort, 29.08 Pearl Concert Theatre (Palms Resort), 30.08 Harveys Outdoor Arena og 31.08 Konocti Harbor Resort.
Bruce Kulick intervjua av Maul Stanley
21 Jun 2008 av Svein Børge Hjorthaug
Bruce Kulic og Maul StanleyBruce Kulick blei nyleg utsatt for eit intervju av den enigmatiske Maul Stanley - ei parodisk blanding av Paul Stanley og Darth Maul (kjent karanter frå Star Wars). Dette tok stad på ei åpa scene på ein Kiss Expo i New York for nokre dagar sidan.

Intervjuet er ei morsom blanding av ein laus prat av den meir humoristiske typen, samt meir informative saker og interessante fakta. Intervjuet vil bli presentert på nettet over to delar, der del to vil bli publisert først neste veke. I den første delen snakkar Bruce om mange ting - bl.a. hans avskjed med Kiss, arbeidet med Carnival of Souls, og måten han kom inn i bandet på og korleis dette påvirka forholdet hans til Mark St. John.

Les første del av samtalen med Bruce her...
The Classic Metal Show: Kiss-relaterte podcasts
19 Jun 2008 av Svein Børge Hjorthaug
Classic Metal ShowThe Classic Metal Show er eit radioprogram som blir streama på internett kvar veke. Det varer i seks timar, og dei beste bitane frå kvart program blir som regel gjort tilgjengelige som korte podcast-segment som ein kan laste ned i ettertid.

To podcasts denne månaden er Kiss-relaterte (klikk på titlane for å laste ned):

Ace Frehley demoar frå 1984-85
TCMS fekk nyleg tak i nokre av demoane til Ace Frehley frå midten av 80-talet, og dissikerer desse rimeleg grundig. Omtalen kan ikkje akkurat beskrivast som smigrande, så her bør ein stålsetje seg før ein evt sjekker ut.

Kiss utan originalmedlem?
Også desse karane har fått med seg uttalelsane om Idol-Kiss som kom fram i det famøse NRK-intervjuet for nokre veker sidan. Dei diskuterer dette nærare her.
Talking Metal: Fleire Kiss-historier i podcasts
17 Jun 2008 av Svein Børge Hjorthaug
Talking Metal er namnet på eit rock/metal-program på internett som fins både som streama TV og som podcasts. Over dei siste vekene har dei m.a. snakka med Don Dokken (Dokken) og Doug Aldrich (Whitesnake), og i desse samtalane har det dukka opp fleire morsomme Kiss-relaterte historier og anekdoter. Nokre korte utdrag er gjengitt nedanfor.

Don Dokken pratar om naboskapet med Gene:
Eg har eit hus oppe i "the Canyon" i området der dei rike folka bur, i same gata som Gene Simmons. Men eg køyrde forbi for ein månad sidan og la merke til at dei var i ferd med å selge huset, så det har dei faktisk solgt no. Eg vinka ofte til han når eg køyrde forbi - "Hei Gene!".

For eit par år sidan blei eg invitert til Thanksgiving, og var ikkje sikker på kva eg skulle vente meg. Ville det bli ein stjerneevent med masse rockestjerner, kjentfolk, profesjonell catering osv? Men det var ein veldig stille, rolig og hyggelig kveld med kun åtte gjestar. Og Shannon kokte alle måltid sjølv! Etterpå tok Gene meg med inn i "Kiss rommet" sitt, og der satt vi og høyre på musikk. Han hadde alle desse merkelege platene med tulleversjonar av kjente låter. Blant anna dette bandet som høyrdest nøyaktig ut som Beatles, men orda var forskjellig. "Strawberry Malt Liquor Forever" osv. Og så snakka vi om fleire av prosjekta hans. Han held alltid på med eit eller anna.

Vi var faktisk "Special Guest" på ein av dei første umaskerte turneane til Kiss, med Eric Carr og Bruce Kulick. Vi var åpningsbandet sjølv om vi solgte fleire plater enn dei på den tida og hadde langt større suksess på hitlistene. Det virka ikkje som om folk umiddelbart kjøpte eit umaskert Kiss, så dei sleit litt, men det var ei veldig interessant periode å være på vegen med dei.


For å høyre heile intervjuet med Don Dokken kan du laste ned podcasten her...

Doug Aldrich fortel om då han prøvespelte for Kiss i 1982:
Kiss leita etter ein ny gitarist, og ei jente som kom og såg eit band eg spelte i i L.A. sa eg burde prøvespele for dei. Eg kunne ikkje heilt sjå for meg at dette ville skje, men då vi kom tilbake og spelte der igjen to veker seinare hadde ho med seg Eric Carr. Han ba meg også om å kome til studioet, og meinte eg kunne passe veldig bra. Så eg tok etterkvart turen ned dit. Dei holdt på å spele inn Creatures of the Night på den tida. Eg blei vist nokre av låtane dei jobba med, og spelte inn soloar på ein del av desse låtane som ein første test. Gene noterte ned nokre låter som eg skulle lære meg i tilfelle dei ville sjekke meg ut nærare. Eg blei kontakta berre nokre dagar seinare, og spelte ei god stund med dei. Det var rimeleg absurd å være der, sidan ingen hadde sett dei utan make-up på den tida.

Det var etterkvart rimeleg tydeleg at eg var litt for ung og uerfaren for den jobben, men det var utruleg inspirerande å bli vurdert av Kiss, og å faktisk spele med dei to gonger. Det gav meg ein enorm inspirasjon til å fortsette å jobbe hardt og fokusert. Det viste at noko var på gang, sjølv om eg ikkje heilt var der enno.


For å høyre heile intervjuet med Doug Aldrich, kan du laste ned podcasten her...
KISS - Download pressekonferanse
15 Jun 2008 av Redaksjonen
Hvilke planer har dere for deres 40 års jubileum? Paul: "Vi har noen fantastisk rullestoler for vårt 40 års jubileum."

Flere nyheter>>


This is the free demo result. You can also download a complete website from archive.org.